mandag 15. oktober 2007

Kubansk salsa og timba i USA

USA har i fleire år hatt gode instruktørar som har undervist i kubansk salsa.

Fleire profesjonelle danserar frå kubanske dansekompanier har også vald å busette seg i USA og driv undervisning i afrokubansk dans, kubansk son og salsa.

Det ein har mangla er konserter med gode kubanske salsa og timbagrupper som kan gje dansarane eit høve til å praktisere dansen til levande musikk.

Dei siste åra har ei rekke gode og dyktige musikarar frå Kuba hoppa av i USA og starta band der. Dei fremste og mest kjende av desse er Issac Delgado og Manolin. I kjølvannet av desse har ein mellom anna Tiempo Libre, El Pikete, Cuban Timba Allstars og Danny Lozada. Desse banda spelar no på vestkysten og austkysten både på festivaler og klubber i LA, San Francisco, Miami og New York. Nyleg valde arrangørane av Latin Grammy festen i Miami å satse på kubanske musikarar og arrangementet vart ein suksess med fleire tusen menneske til stades på konsertane.

Her er El Pikete i aksjon.

Ingen kommentarer: