onsdag 5. september 2007

Vive La France!

Per i dag er Frankrike det mest spennande landet i Europa om ein er interessert i kubansk salsa og timba og gode latinmusikkfestivaler. Alle dei store banda frå Kuba legg turneane sine innom musikkfestivaler og konsertscener i Frankrike.
I tillegg har Dj Jack Calvo saman med ein gjeng entusiaster gjort mykje for å promotere kubansk salsa og timba.
Du kan oppleve Jack Calvo på WAGG i Paris der han mikser kubansk salsa og timba kvar veke.

Varme sommernetter, god mat, spennande kultur og språk, ledande djer og band innan kubansk timba og salsa er berre nokre grunner til å velje Frankrike som reisemål for sommerferien i 2008.
I lenkelista vår har me lagt ut lenker til ulike musikkfestivaler og salsasider i Frankrike.

Ingen kommentarer: