fredag 9. november 2007

Charanga Habanera Suspension Concert

I 1997 hadde Charanga Habanera gitt ut Hey You Loca,&Me Sube La Fiebre&Pa Que Se Entere La Habana& Tremendo Delirio, og fått svært god mottaking av desse platene blant kritikarar.
August 1997 holdt dei ein forrykande konsert som skulle skrive seg inn i i kubansk musikkhistorie. Kubanske myndigheiter gav gruppa seks månader karantene etter denne konserten. Grunngjevinga var upassande innhald, noko som gjorde gruppa endå meir berømt.

Her er dei i eitt opptak frå denne konserten med mellom anna Pedro Pablo på bass, Tirso Duarte på piano og Michel Maza og Danny Lozada på vokal. Låta er Charangueate frå plata Tremendo Delirio.

Ingen kommentarer: